Skrift og strid: essay om Henrik Rytter

Leif Høghaug (Red.) | Sindre Hovdenakk (Red.) |
Innbundet | Sidetall: 265 | ISBN: 9788279901013

Pris:
translation missing: no.product.general.sale_price269 kr

Forlagets omtale

Dette er ei bok om diktaren, omsetjaren og essayisten Henrik Rytter (1877-1950). I si tid var han rekna som ein av dei største diktarane i Noreg, og mange meinte han var den største. Ifølgje Ragnvald Skrede var Rytter Arne Garborgs arvtakar - og slik sett målrørslas viktigaste litterat i 20-, 30- og 40-åra. I 1929 skreiv Olav H. Hauge: "[Rytter] er på mange måtar eit fenomen. For det fyrste hev han no skapt seg eit diktarspråk som vore Shakespeare eller Homer verdig." Boka inneheld essay om Rytters mest omfattande omsetjingar: Dantes Den guddomlege komedien, Boccaccios Decameronen, Beowulf , 23 av Shakespeares skodespel og nynorsk-omsetjinga av Henrik Ibsens Peer Gynt. I tillegg inneheld boka biografiske essay om målmannen og det politiske stridsmennesket Henrik Rytter. Her er òg Rytters ti beste dikt, attåt innleiinga han skreiv til Shakespeare-omsetjingane, ei novelle frå Decameronen, utdrag frå Peer Gynt og Den guddomlege komedien. Og som ein historisk og politisk kuriositet: valmanifestet Rytter like etter den andre verdskrigen skreiv for Noregs Kommunistiske Parti.

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Mastercard Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.

Andre titler fra Solum Bokvennen

Sist sett på