Pris:
translation missing: no.product.general.sale_price349 kr

Forlagets omtale

«Det er kveld, stilt i vêret, klårt, men det byrjar skumre så smått, for det lid nokså langt på sumaren. Eg er på mosjonstur før eg legg meg, har gått kav ned til kaia og ser på glasfiberbåtane, som ligg bundne til stålfesta (trebryggja er longe borte, tre-båtane likeins). Sjøen skvalpar lett ved baugen deira. Det er eit underleg roande læte, som vekkjer visse assosiasjonar i meg. Eg går ned på kne som snarast, legg notisboka på ein av bryggje-zzstolpane og krotar ned nokre notar før eg reiser meg og går vidare.»

Jonas lever av å selja reklametekster, men utan engasjement eller kunnskap om varene han skal reklamere for, tyr han heller til musikken. Han har forlate kona si i Reykjavik og freistar finne fred i eit fiskevær i Austfjordane. Som amatørkomponist trår han etter å gjera om til notar lydar frå klirring av glas, plystring i kaffikjelen eller bølgjeskvalp. Alle slags lydar noterer han, berre ikkje fuglesong; den er det opphavsrett til.

«Sørgjemarsjen» er ei forteljing om kreativitet og kunstnarens einsemd. Med denne romanen legg Gyrdir Elíasson siste hand på kunstnartrilogien som byrja med «Ved Sandelva» om ein målar og heldt fram med «Utsyn frå sørglaset» om ein forfattar.

Omsett frå islandsk av Oskar Vistdal.

Gyrdir Elíasson, f. 1961 i Reykjavik, er diktar og omsetjar. Han debuterte med diktsamlinga «Svarthvít axlabönd» (Svartkvite bukseselar) i 1983. Sidan har han gjeve ut ei rekkje diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Av desse er «Søvnhjulet» (1993), «Mellom trærne» (2011), «Steintre» (2012), «Ved Sandelva» (2013), «Utsyn frå sørglaset» (2014), «Dikt i utval» (2016), «Koparåker» (2016), «Vandrande ikorn» (2019) og no «Sørgjemarsjen» omsette til norsk.

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Mastercard PayPal Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.

Andre titler fra Solum Bokvennen

Sist sett på