Pris:
translation missing: no.product.general.sale_price229 kr

Forlagets omtale

Tyrihans. Eventyrspel med song og dans er det første nynorske drama skrive for barn, framført på ein profesjo.nell scene. Urpremieren fann stad på Det Norske Teatret i Bøndenes Hus i Kristiania 26. desember 1914.

Når Garborg dramatiserer Asbjørnsen og Moe sin Tyrihans blir historia ein politisk statement. Tyrihans personifiserer sjølve målrørsla - han er bygdehelten som erobrar ein sentral maktposisjon. Samstundes er ikkje friaren og den politiske bodskapen hovudperson aleine. Prinsesse Iselin bærer kjærleikshistoria i teksten. Garborg gir oss ei psykologisk forklaring på den vrange prinsessa i eventyret, og viser oss ei sorgfull dotter og ei lengtande kvinne.

Det finst allereie fleire biografiar om Hulda Garborg. Den korte biografien i denne boka gir likevel nye perspektiv, fordi den konsentrerer seg om dramatikaren Garborg og hennar forhold til barn og barndom.

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Mastercard Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.

Andre titler fra Solum Bokvennen

Sist sett på