Ein sein haustkveld i 1957 forsvinn Bernhard Kråkvik sporlaust frå heimen sin i ei vestlandsbygd. Påfølgjande natt høyrest vill klokkeklang frå kapellet nær huset hans. Kyrkjetenar Karl Råde oppdagar neste dag at det er knytt ei rennelykkje på klokkereipet der. Den sakna kjem aldri til rette, men rykte om drap verserer i bygda. Etter å ha oppsøkt eit møte i pinserørsla blir dotter til den sakna borte i dei same traktene i 2009. Også denne gongen stormkimar klokka i kapellet.
«Ikkje ein sporv til jorda» skildrar utfordrande etterforsking, religiøst grubleri og fanatisme, og tragiske familietilhøve.
Arne Ruset er født i 1951 i Fjørå på Sunnmøre. Han bur i Molde, der han har arbeidd i mange år som psykiater. Han har skrive bøker i fleire sjangrar: lyrikk, barne bøker, noveller og romanar. Tildelt Norsk Litteraturkritikerlags barnebokpris i 1987 og Kulturdepartementets billedbokpris (saman med Anne Kristin Hagesæther) i 1999. I 2013 ga han ut novellesamlinga «Berg brest» til fantastiske kritikkar.
Sitat fra omtale
««ein krim av beste sort [.] .Ikkje ein sporv til jorda. er ei bok det er vanskeleg å leggje frå seg før ho er ferdig lese . og som så ofte før med Ruset, er det også her ei overraskande løysing på mysteria»» - Britt Ingunn Maurstad, Storfjordnytt
««Hadde Arne Ruset (1951, debut 1973) sin siste roman blitt filmatisert, kunne han stykkast opp til ein finurleg påskekrim for tv i mange episodar. [.] «Heilt frå begynninga ligg det tungsinn, uhygge, vondskap og uro over personar og landskap, i ei grunnstemning som påminnar om Duuns nå litteraturhistorisk kanoniserte forteljingar frå norsk bygdeliv for hundre år sidan. Arne Ruset gjer det like truverdig og aktuelt i dag»» - Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
««ein roman som også er ein krimroman. [.] historia [sit] tydeleg og godt, medan uventa verknader sig inn mellom glipene. Dette gir ei kjensle av overskot i forfattarens skildringar av menneskets indre irrgangar.»» - Øyvind Rangøy, Romsdal Budstikke
Betaling og personvern
Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.
Retur og refusjon
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukerkjøp gjelder «Lov om opplysningsplikt og angrerett ved fjernsalg og salg utenom faste forretningslokaler (angrerettloven)».
Angrerett
Angreretten gjelder i 14 dager fra varen er levert. Ved retur må varen være i samme stand som når du mottok den. Vil du benytte deg av angreretten, dekker du selv returkostnadene. Du kan altså ikke sende returen i oppkrav. Du må merke returen tydeleg med navn og kundenummer/ordrenummer (du kan gjerne gjøre dette ved å legge ved pakkseddelen du fikk med varen).
Feil ved leveransen
Dersom du oppdager feil ved leveransen, blir retur dekket av Solum Bokvennen. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan gjerne gjøre dette ved å legge ved pakkseddelen du fikk med varen).