Frå 2008 har Norsk Forfattersentrum arrangert Forfattarforelesinga for å auka det seine litteratursnakket i det offentlege, kjappe rom. F2 husar 28 av forfattarforelesingane (perioden 2011-14). I tillegg kjem ein appendiks med fem liknande foredrag frå Nansenskolens serie Forfatternes hus som dei arrangerer under Norsk Litteraturfestival. Dei fleste av forelesingane har vore på trykk (kortversjon) i Dagsavisen, Klassekampen eller Morgenbladet. Nokre av tekstane kan også finnast i forfattaranes eigne essaybøker.
Dette er i sum dei beste litteraturtankane i Norge og vil, saman med samlinga F, kunna tena som referanseverk for forfattarpoetikkar i lang tid framover. Forfattarforelesingane utfordrar og systematiserer litteraturtankane til kvar einskild forfattar. Lesarane finn tendensar og krysningspunkt. Dei kan finna vidare motivasjon til å lesa ein Bergsvåg, ei Linnestå eller ein Gunnerud. Ikkje løysinga, den endelege nøkkelen, for den finst ikkje. Men motivasjon. Trykk du på F2-knappen, blir det lysare. Bare prøv. [frå føreordet]
Bidrag frå: Inghill Johansen, Bjørn Sortland, Beate Grimsrud, Hans Herbjørnsrud, Cecilie Løveid, Helge Torvund, Håvard Rem, Hanne Bramness, Jan Erik Vold, Kristine Næss, Gunnar Wærness, Steinar Opstad, Vigdis Hjort, Jørgen Gunnerud, Merethe Lindstrøm, Paal-Helge Haugen, Tor Åge Bringsværd, Karin Moe, Bror Hagemann, Tove Nilsen, Tyra Teodora Tronstad, Henning H. Bergsvåg, Ingrid Storholmen, Kristine Tofte, Torstein Bugge Høverstad, Aasne Linnestå, Kjersti Annesdatter Skomsvold, Gunnar Staalesen, Gunstein Bakke, Ingeborg Arvola, Anne Gjeitanger, Arne Hugo Stølan
Betaling og personvern
Betalingsinformasjonen din blir behandlet sikkert. Vi lagrer ikke kredittkortinformasjon og har heller ikke tilgang til kredittkortinformasjonen din.