Kva er ei bok?: den illustrerte papirboka i ei digital tid

Vilborg Stubseid Hovet |
Heftet | Sidetall: 344 | ISBN: 9788279903482

Pris:
translation missing: no.product.general.sale_price399,00 kr

Forlagets omtale

I eit par tusen år har boka vore det viktigaste mediet for lagring og formidling av litteratur og kunnskap. I fem hundre år har papir vore eit så vanleg materiale at ordet bok har vore synonymt med papirbok. I løpet av dei siste to-tre tiåra har dette forandra seg mykje. Digital teknologi og verdsveven har overtatt oppgåver boka var åleine om før. Skjer det noko med den illustrerte skjønnlitteraturen i ein slik pressa situasjon? Og kva med sjølve mediet? Har papirboka spesielle eigenskapar?
Kva er ei bok? tar for seg norsk kunstnarillustrert skjønnlitteratur etter årtusen.skiftet, på jakt etter kvalitet og eventuell nyskaping. Eit viktig funn er auka bruk av mediet teikneserie til roman og biografi. Det har gjort det nødvendig å stille spørsmålet: Kva er eigentleg ein teikneserie? Dessutan: Kva er adaptasjon eller remediering?
Når det gjeld temaet kunstnarbok/artists' books er det mykje forvirrande ordbruk i omløp. Forfattaren nøstar opp historie, avgrensar fenomen, belyser med eksempel og i ein del tilfelle har ho også forslag til felles vokabular og omgrepsbruk.

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Mastercard Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.

Du liker kanskje også

Sist sett på