Eg hyllar deg i det nye året, eg som har alle aldrar i kroppen. Ein salutt til deg! Eg gjekk ut i går kveld og samla ølboksar til din ære. Eg gjekk med mi nyinnkjøpte Stormbergjakke og mine nærsynte briller.
– Frå diktet «Stavanger, første nyårsdag 2025»
I Låglandssongar tek Finn Øglænd lesaren med på ei melankolsk, rastlaus og attkjenneleg vandring gjennom gatene i Stavanger. Gjennom usentimentale observasjonar skildrar Øglænd ein by og ein samfunn i endring. Det blir trekt liner frå det nøkterne fiskebondelivet i Tananger i eldre tider til eit moderne, gentrifisert landskap prega av oljerikdom, «corporate power» og Porschar. Midt i dette står ein aldrande, sjølverklært «gårsdagens mann» som korkje søkjer trøyst i religion, ideologiar eller jakt på status. Han lyttar til country og Nirvana, kjøper brukte CD-ar på Gjenbruken, nyt ein billeg pils og prøver å kle byen sitt mysterium av på dei daglege vandringane sine. Låglandssongar er ei djupt menneskeleg og bekmørkt humoristisk diktsamling for alle som har innsett at livet kanskje ikkje blei eit storslått epos, men som likevel held det gåande gjennom livets sluddbyger.
Betaling og personvern
Betalingsinformasjonen din blir behandlet sikkert. Vi lagrer ikke kredittkortinformasjon og har heller ikke tilgang til kredittkortinformasjonen din.